This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Måndag la Velferdstinget i Bergen fram si innstilling til budsjettet for 2015. K7 bulletin hadde ømsøkt 300 000 kroner, men det vart berre innstilt 160 000 kroner. Dette er 40 000 kroner mindre enn året før, og no fryktar ansvarleg redaktør Olve Wold for framtidig drift.

Wold meiner at budsjettkomiteen ved Velferdstinget i Bergen har tatt feil i si grunngjeving.

– Vi har ikkje ei tålegrense på 150 000 slik som det står i grunngjevinga til budsjettkomiteen. Vi har nådd vårt kritiske punkt for lengje sidan, og går faktisk i underskot. Vi stiller oss uforståande til  kvifor dette beløpet har kome på bana som eit kritisk tal for oss, fortel han.

Leiar i budsjettkomiteen Mikkel Andreas Eriksen er klar på at K7 Bulletin har oppgitt 150 000 som si smertegrense.

– Da vi gjennomførte intervju med K7 Bulletin hadde alle tre i budsjettkomiteen notert  150 000 kroner som smertegrensen for studentavisa, så vi føler oss trygg på at dette vart sagt.  Kvifor dei no seier at det ikkje stemmer veit vi ikkje, fortel Eriksen på telefon.

Dårlig økonomisk drifta

Studentavisa frå NHH var ikkje tilstade på pressekonferansen, og kunne derfor ikkje ta til motmæle på et ellers roleg møte. K7 Bulletin fekk nemleg hard medfart av budsjettkomiteen denne dagen.

–  Måten dei driv på er rett og slett for dyr. Dei får mykje støtte for å vere ei avis for så få studentar, seier Eriksen.

Vidare fortel han at søknaden studentavisa sendte inn var mangelfull og at han sakna konkrete planer for framtida.

Redaktør i K7 bulletin er ikkje einig i kritikken, og fortel at dersom dette budsjettforslaget får gjennomslag  kan det hende at dei må leggja ned heile eller deler av drifta.

– Det er her på NHH vi utdannar framtidenes maktelite, og dei treng ei vaktbikkje i form av K7 Bulletin, seier Wold.

Han håper at studentpolitikarane vil sjå viktigheita av å bevare studentavisa, og håpar på støtte 8.november.

Høg temperatur på budsjettmøter

Leiar i budsjettkomiteen forventar høg temperatur på det endelege budsjettmøtet 8.november. Han fortel at han håpar at møtet vil gå betre i år enn tidlegare år.

–  Vi kan stå inne for det som er lagt fram. Vi føler oss trygge på grunngjevinga, men eg er litt nervøs ja, seier Eriksen lattermildt.

Han fortel også om et svært turbulent møte i fjor.  – Det var fullstendig kaos. Det var ein del ting som vart avgjort i korridoren etter møtet. Det vil vi prøve å unngå i år, seier Eriksen.

Studentradioen budsjettets vinner

På spørsmål om kven som kom best ut av budsjettforslaget var det ingen tvil.

– Vi regner med at studentradioen er svært fornøyd og at dei er letta. Det er viktig at studentradioen får dei nødvendige midlar som må til for å gå over til  DAB-nett, seier Eriksen.

Studentradioen fekk i år 761 000 kroner, ei auking på 121 000 frå 2014. For å sjå budsjettet frå i år og i frå tidlegare år, kan du gå inn på velferdstinget si nettside www.vtbergen.no

Kommentarer