This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Det var ein skuffa gjeng med studentpolitikerar BSTV møtte på studentsenteret onsdag morgon. Representantar frå studentparlamentet og velferdstinget var samla for å følgje framlegginga av statsbudsjettet 2015. På grunnlag av fleire lekkasjar i forkant av pressevisninga vart dei fleste håp knust allereie før finansminister Siv Jensen hadde inntatt talarstolen.

Leiar i Studentparlamentet Tommy Aarethun var særleg skuffa over forslaget om skulepengar for utanlandske studentar. Det kom nemleg fram av statsbudsjettet at internasjonale studentar utanfor EU og EØS kan belage seg på å betale skulepengar i framtida.

– Alle studentar i Noreg skal ha same mulegheit for utdanning. Dette forslaget er ein trussel for gratisprinsippet. Dessutan kan Noreg gå glipp av mange talent dersom dette forslaget får gjennomslag, seier Aarethun.

Vidare kjem han med ei klar oppmoding til stortinget.

– Eg håpar at særleg Venstre og KRF kjempar for å fjerne forslaget om skulepengar, seier Aarethun mens han videre fortel at han er redd for at dette vil skape ein dominoeffekt der norske studentar i framtida må betale skulepengar.

Skal konkurrere på kvalitet, ikkje på pris

Røe Isaksen avviser at Norske studentar vil bli råka av dette i framtida.

– Med denne ordninga opnar vi for at ein kan ha ein meir målretta rekruttering av internasjonale studentar, fortel Isaksen på telefon til BSTV.

Han poengterer at regjeringa vil gi utdanningsinstitusjonane ein moglegheit til å krevje studieavgift av studentar utanfor EU og EØS, men at dette er vil vere opp til kvar enkelt institusjon.

– Det kostar mykje å ha gratis skattefinansiert utdanning for alle i verda, seier han.

Isaksen meiner at Noreg ikkje skal konkurrere om utanlandske studentar på pris, men heller satse på å konkurrere på kvalitet i utdanning.

– Vi vil at utanlandske studentar skal velje Noreg som studiestad på grunnlag av kvalitet og innhald, og ikkje på grunnlag av at vi tilbyr gratis utdanning, fortel ein tydeleg engasjert kunnskapsminister.

For masterstudenten Valentina Tspeleva frå Russland kan dette bety meir jobb og mindre tid til studiet framover.

– Eg har allereie ein jobb ved sidan av studiet, det er dyrt å bu i Noreg. Men dersom dette budsjettforslaget blir gjennomført må eg skaffe meg fleire jobbar, seier ho oppgitt.

– Dette er ikkje eit kunnskapsbudsjett

På spørsmål om der finnast nokon lyspunkt for studentar i dagens budsjettforslag blir Aarethun nølande.

– Vi har leita etter dei, men der er ikkje mange, seier han med eit smil.

Eit lite løft er at studiefinansieringa for den enkelte student aukar med 3050kr årleg, men dette er ikkje nok meiner Aarethun.

– Vi hadde forventa eit større steg i forhold til studiestøtta for å styrke heiltidsstudenten. Knappe 300 kroner ekstra i månaden er ikkje nok til å sei opp ein deltidsjobb. Dei som ikkje får støtte heime i frå eller jobbar ved sidan av studiet, kan føle seg nøydt til  å droppe ut av høgare utdanning, fortel han uroleg.

For å lese meir om korleis statsbudsjettet kan råke studentar sjå nettsida til Norsk Studentorganisasjon (NSO) på www.student.no

Studentrelaterte budsjettforslag:

– Studentar får 295kr meir i basisstøtte per månad.

– 1500 nye studentbustader i 2015. 250 opp frå 2014.

– Sjuke studentar med deltidsjobb skal få sjukestipend.

– Innføring av skulepengar for internasjonale studentar frå land utanfor EU og EØS.

Kommentarer