This text will be replacedhttp://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Jaget etter likes

Korleis let vi oss påverke av sosiale media? Har jaget etter likes blitt så ekstremt at vi vert sjuke dersom vi ikkje får nok?

Forskar Cecilie Schou Andreassen meiner at sosiale media har ein negativ effekt på dei med dårleg sjølvbilete, og at det kan skape narsissistiske styrka personlegdomstrekk. Siviløkonom Ann Kristin Næverdal Vinje skreiv eit innlegg i BA tidlegare denne veka, om nettopp kva ho meiner sosiale media gjer med ein.

Narssisime og avhengighet 

Er behovet for likes og behovet for å framstå som perfekt blitt viktigare enn å vere tilstades i den gode samtalen? Tek sosiale media over kvardagen vår? I kor stor grad let vi oss påverke? Og vert vi sjuke av dette?

Næverdal Vinje stiller seg langt ifra ueinig i forskar Schou Andreassen si uttaling, og har sjølv opplevd at til dømes Facebook har hatt ein negativ effekt på ho. Ho kjenner folk som har fjerna bilete av seg sjølv på facebook, fordi dei ikkje har fått nok likes. Ho meiner dette er eit problem for mange, spesielt for dei med dårleg sjølvbilete. Ho samanliknar også narkomani med den manien ho for ei stund tilbake opplevde rundt Facebook, og avhengigheten av det å få likes.

– I staden for å beskulde medmenneska rundt meg for denne ”manien”, og å kaste stein i glashus fordi eg er ein del av det, sat eg meg i situasjonen sjølv for å illustrere konsekvensar det kan ha. Eg er ingen ”sos-med-oman” , men eg og heile det digitale samfunnet er i faresona for å bli det. Gitt at definisjonen av storforbrukar av sosiale media er å vere online på sosiale media dagleg, er eg er per definisjon storforbrukar, beskriv Vinje.

 – For kor mange av oss er det ikkje som vaknar opp kvar morgon, og det første vi gjer er å gå gjennom sjekklista; Facebook, Instagram, Snapchat, Twitter og/eller e-mail, seier ho vidare.

#Online #Offline

 – Noko som er med på å underbygge mitt poeng med kronikken eg har skrive er å sjå verda gjennom tenåringar som kanskje føler enda meir på dette. Årets MGP-jr låt heiter #online, kor teksten er ”online, aldri offline.” Det seier noko om kor utviklinga er på veg, fortel Vinje.

– ­Kronikken er nok likevel satt litt på spissen, og poenget mitt med heile innlegget er at eg erkjenner at sosiale media stjel ekstremt mykje av tida mi, at eg er ein storforbrukar, på lik linje med ekstremt mange andre.

”Likes”

Føler du der er eit jag etter å få likes, og å bli likt? Og føler du folk er for opptatt av å framstå som perfekte? Med tanke på til dømes bloggarar som postar perfekte bileter, ofte oppstilte bilder, som nærmast blir ein illusjon og langt frå verkelegheita?

– Absolutt, men det er heldigvis blitt meir fokus på å vise at livet ikkje er som det vises på blogger, tv og sosiale medier. Filmar som viser korleis motemagasin slankar modellar i Photoshop, og korleis folk sjølv poserar på bileter for å sj slankast, penast, og mest strigla ut. Det er jo positivt, for det er altfor lett at man ser seg blind på dette, fortel Vinje.

Negativ trend

Studenten Caroline Glott kjenner seg godt igjen i det både forskaren og debattanten uttalar seg om.

– Eg har utan tvil latt Facebook påverke meg negativt, men har heldigvis eit litt meir distansert forhold til det no enn då eg var litt yngre.

 Korleis trur du sosiale media påverkar ikkje berre måten vi ser på oss sjølve, men også korleis vi oppfattar andre?

 – Eg trur det påverkar oss ubevisst, fordi man heile tida håpar å få nye likes, og det blir til ein slags avhengigheit. For nokon går det så langt at dei vert sjuke, og man ser jo at det er eit ekstremt stort fokus på skjønnhet, som kan resultere i eteforstyrringar, og at man blir ekstremt opptatt av utsjånad, fortel Glott.

Eit samfunn utan medmenneskeligdom?

Ann Kristin skriv i innlegget sitt at sosiale medier står i fare for å utvikle seg frå lykke til rus, til ein livsstilsjukdom. Akkurat som narkomani og alkoholisme, som ho pratar om i byrjinga.

 – Ja, eg er redd for at det vil gå så langt for enkelte, eller at det har gått så langt allereie, at man ein dag våkner opp og berre ”må ha” ein ”like”. Ikkje for å føle lykke, men for å klare å stå opp og komme seg gjennom dagen. Og om vi ikkje snart innser at vi er ”avhengig” av denne bekreftelsen frå utsida, trur eg vi vil ende opp som eit samfunn utan medmenneskeligdom.

Lenke til Næverdal Vinje sitt innlegg i BA 22 september. http://www.ba.no/meninger/article7593618.eceyoutu

Lenke til P4 sitt intervju med forskar Cecilie S Andreassen: http://www.p4.no/story.aspx?id=583837

Cecilie Schou Andreassen er tilsett ved Universitetet i Bergen og hjå Bergensklinikkane.

Kommentarer