This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Den nye høgskulen på Kronstad har fått ein del negativ omtale, takka vere blant anna ein vannlekkasje, som har bydd på problem for fleire av studentorganisasjonane.

Studentparlamentet flytta inn i bygget 04 august. Sjølv om bygninga er estetisk vakker, har det likevel dukka opp ein del vanskar.

– Eit av problema vannlekkasjen har ført til er at vi ikkje har kome skikkelig i gong, på grunn av mangel på arbeidsrom, fortel leiar for studentparlamentet ved HIB, Pernille Marie Våge.

Positiv studentparlamentsleiar

Til tross for at organisasjonen har opplevd litt starttrøbbel, er leiaren likevel positiv til det nye bygget.

– HIB-identiteten har ein kjempemoglegheit til å vakse her, her er store, flotte lokalar og vi får samla alle studentane på ein stad. Vi er generelt positive til den nye skulen vår, seier Pernille Marie Våge.

Ufortent negativ omtale

Arrangementsansvarleg for studentbaren Kronbar, Joakim Rosenlund, meinar saken har fått ufortent mykje negativ omtale, og er meir oppteken av å få studentane ut av sentrum, og opp på Kronstad til studentbaren han arbeidar frivillig for.

–  No er her jo både bybane og gode bussforbindelsar. Så vi satsar på at det vil gå bra etterkvart, seier Rosenlund.

Nøgde studentar

Betre og nyare teknologi er noko av det Per Christian Pedersen trekk fram som positivt med høgskulen.

– Her er mellom anna betre temperaturar og betre luft i forhold til skulen vi er van med å gå på, fortel Simen Paulsen, som går andre året på sjukepleiar saman med Pedersen.

Nokre vesentlige manglar

Studentane er samde om ein ting når eg spør om der er noko å utsetje på det nye høgskulebygget.

– Dei kunne kanskje ha satt opp fleire bosspann, seier Simen Paulsen.

– Man må faktisk leite etter bosspann inne, og eg har sett kanskje to, fortel Dorthe Austevoll, som studerar maskiningeniør på andre året.

Verneverdig NSB-bygg

Det sår liten tvil om at det flotte, verneverdige NSB-bygget står i stil til det ultramoderne høgskulebygget, og at studentane synes om den nye skulen sin, som til tross for at den er heilt ny, har mykje historie.

–  Togskinner går gjennom heile bygget, og det er kjekt å peike at her går eg på skule, for det er ganske fint, forteljer ein entusiastisk Austevoll.

Kommentarer