This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Lørdag 23. november var det Vinylplatemesse på Hulen, og passande nok var Klangkollektivet der for å lansere sin Vinylkaffi.

Dagleg leiar Solgunn Slåtto og Pr-ansvarleg Roger Lygre Solvang innrømmer at det har gått med mykje kaffi det siste året.

– Me har hatt det veldig travelt etter me starta opp for eitt år sidan. På det året har me hatt ni utgivelsar, så det har blitt ein del seine kveldar og lange møter.

Ideen til å lansere eigen kaffi fekk dei på ei av desse lange møta, og kontakta deretter Bergen Kaffebrenneri. Etter å ha deltatt på prøvesmaking og lært seg om den edle kunst å slurpe, kom dei saman fram til eit sluttresultat dei var nøgd med.

– Vinylkaffien er fruktig og aromatisk, og faktisk like god kald som varm, fortel Solvang.

– Det er noko heilt anna enn vanleg, kjip kackstagekaffi for å seie det slik, legg Slåtto til.

På Hulen danna det seg raskt kø av folk som ville prøvesmake, for kaffien har blitt ettertrakta, allereie før lanseringen.

– Faktisk har me klart å selge ut alle posane med kaffi på førehand. Men me heldt på med ein ny ladning, så det er berre til å vere klar til å kjøpe. Det er jo ein super julepresang, avslutter Slåtto og Solvang.

 

Kommentarer