This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Linn Bæra hadde spiseforstyrrelse i 8 år før den psykiske lidelsen slapp taket. No er ho del av ROS sitt resursteam og hjelper andre som opplev den same utfordringa.  

Spiseforstyrringer

«Spiseforstyrringer er alvorlege psykiske lidingar, ein overopptatthet av og et problematisk forhold til mat, kropp, vekt og følelser» (ROS, 2013). Døme på spiseforstyrringer er anoreksi, bulimi eller overspisinglidelse. Menn og kvinner i alle aldra vert ramma av spiseforstyrringer, men den største gruppa er kvinner mellom 15 og 35 år.

– Både menn og kvinner har spiseforstyrrelser, men terskelen for å søke hjelp er dessverre høgare for menn, seier Line Orvedal, ved ROS.

Det er mange og varierande disponerande faktorar for utvikling og oppretthalding av spiseforstyrrelser, til dømes arv, genetikk, lav sjølvfølelse, påverking frå media eller venner, stress eller identitetsutfordringar som slanking.

 ROS

Rådgiving om spiseforstyrrelser, ROS, er ein landsdekkande interesseorganisasjon for alle som har eller har hatt ein spiseforstyrrelse, samt pårørande. Organisasjonen vart oppretta i 1983, og feira 30 årsjubileum torsdag 14.november med eit innhaldsrikt og variert jubileumsseminar. Under det tverrfaglege seminaret stod brukarkompetanse i sentrum då både fagleg og eigenerfaring basert kunnskap vart formidla.

ROS arbeidar for å spreie informasjon om spiseforstyrringer, få eit betre behandlingstilbod for dei som er ramma av spiseforstyrringer, ha fokus på førebyggande virke og påverke holdningar til kropp og utsjånad.

Frå brukar til rådgivar

Linn Bæra er del av ROS sitt ressursteam og har halde foredrag for ROS sidan 2007. Ho kom i kontakt med organisasjonen då ho søkte hjelp for sin spiseforstyrrelse i tjueåra. Etter ho vart friskmeldt har ho tatt i bruk sin erfaring og kunnskap gjennom ROS.

– Det heile starta med at eg vart skada. Eg var idrettsutøvar og kunne plutselig ikkje trene på same måte lengre. Eg fikk ikkje vere med på laget, kroppen min forandra seg og ting var ikke slik som før. I tillegg kom den såre sjølvfølelsen som eg tidlegare hadde fortrengt fram, fortel Bæra om korleis ho fekk spiseforstyrrelse. Samtidig flytta ho til ein ny stad og prøvde så godt ho kunne å studere.

Utfordring å studere

– Eg ønsa å studere og prøvde så godt eg kunne. Det å vere med menneske, og gjere friske ting, sjølv om du sjølv ikkje er helt frisk var veldig viktig for meg, seier Linn Bæra.

– Det er mange studentar som kjem til oss med spiseforstyrringer, men ofte er det samansette problemstillingar der spisevanskar er ein av fleire. Henvendingar der spiseforstyrrelser er hovudårsak til kontakt har vi ikkje så mange av, understrekar Øystein Sandven, sjefspsykolog ved Studentenes Psykiske Helsetjeneste -SPH.

– Den gjennomsnittlege alderen på dei som oppsøker ROS er 24 år, der i blant er det mange studentar, påpeikar Orvedal.

Det er mange og varierte grunnar til spiseforstyrringer men generellt fortel Sandven at det  handlar om misnøye med kropp, vekt og utsjånad, uttrykk for emosjonelle vanskar av forskjellig slag, kontrollbehov og meistringsfølelse.

Bry deg!

Første gang Linn Bæra oppsøkte hjelp fpr spiseforstyrringa vart ho fulgt av ei venninne til Studentenes Psykiske Helsetjeneste, SPH.

– Det var veldig vanskelig å gå til psykisk helsetjeneste, men det hjelpe veldig at jeg hadde med meg en venninne. Det var en start, påpeikar ho.

Bæra understreka at det viktigaste for pårørande er å bry seg, vise at dei er der for vedkommande, men også å gjere vanlege ting som gå på kafè og spele spel.

– Det aller viktigaste er å bry seg. Sjølv om du blir avvist, bry deg igjen, det er det viktigaste, understrekar Bæra.

Kva skal ein gjere?

 Dersom studentar har spiseforstyrringer kan dei ta kontakt med fastlege eller SPH for hjelp.

– Vi tilbyr oppfølging her, og visar vidare til andre deler av behandlingsapparat ved behov, seier Sandven.

Han oppmodar også til å snakke med vedkommande og formidle ei bekymring dersom ein trur at ein kjenning har ein spiseforstyrrelse. Vidare bør ein informere om moglegskapen for kontakt med hjelpeapparat og anbefale dette. Både Bæra og Orvedal er einige med Sandven;

– Snakk med nokon, det viktigaste er å få hjelp tidleg slik at ein kan snu situasjonen raskast mogleg, seier dei.

Kommentarer