This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Røde Kors har alltid hatt mange som jobber frivillig for organisasjonen. Dei siste åra har ordninga med å vere besøksvenn vekka interesse hos mange, spesielt studenter.

– Me er jo kjempeheldige, berre her i Bergen har me over 250 frivillige som gjer ein fantastisk innsats som besøksvener, fortel Greta Langseth, som er leiar for besøksvenordninga i Røde Kors Bergen.

Mange av dei frivillige er studentar.

– Fleire og fleire unge melder seg som frivillige, og då kanskje spesielt til besøksventenesta. Noko som er kjempepositivt, med tanke på at vi treng mangfald blant besøksvenene.

Å vere besøksven for Røde Kors går ut på å besøke ein person som av ulike årsaker treng litt ekstra selskap eller oppfølging i kvardagen. Typiske ting ein kan gjere er å gå på besøk til personen, vere ein samtalepartner, hjelpe til med ærend og vere med på forskjellige arrangement.

Langseth fortel at dei nesten utelukkande får positive tilbakemeldingar frå dei som blir besøkt.

– Dei er så takknemlige, og mange fortel at dei gler seg til besøk og føler at det beriker kvardagen.

Ordninga med besøksvener byrja allereie for mange år sidan, då var det for det meste husmødre som besøkte personer som var innlagde på sjukehus.

– Etter kvart utvikla det seg til å bli mest vanleg med såkalla ein-til-ein besøk. Men me har jo andre tilbod også, blant anna har me frivillige som går med traller på Haukeland

Har ikke angret

Ei av dei mange studentene som er besøksvenn er Charlotte Apelthun. Ho fekk inspirasjon til det etter å ha lest ei nyhetssak om ei eldre dame som etterlyste nokon å feire jul saman med.

– Då eg leste om kor mange einsame det finns rundt omkring så søkte eg opp røde kors og meldte meg som frivillig. Det har eg ikkje angra på!

Apelthun fortel at ho besøker ein eldre mann på sjukeheimen der han bur, og at ho deltar blant anna på allsang saman med han.

– Det er veldig kjekt! Men det beste minnet er nok då eg overraska han med boller og brus på bursdagen hans. Då byrja han nesten å grine fordi han vart så rørt.

På spørsmål om ho har eit råd til andre studenter som vurderer å bli besøksvenn svarar ho kjapt:
– Det er ikkje noko å lure på! Berre bli det. Alle har tid til å sette av eit par timar i månaden til å gjere nokon andres kvardag litt betre, og du får så mykje glede tilbake.

Toppbilete er lånt av Røde Kors Norge, og fotografen er Jens Edgar Haugen

Kommentarer