This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Lørdag 26. oktober vart internasjonal veke avslutta med ein folkefest i Bergen sentrum. Forutenom konsertar, talar og stands for humanitære organisasjonar, var det også moteshow på programmet. Ansvarleg for første del av moteshowet var Cathrine Heienberg, kjend frå bloggen Cath in the City. Ho brukte berre brukte klede i visninga.

– Eg er veldig fornøgd med resultatet, strålte Heienberg.

– Det er viktig å oppfordre til å heller kjøpe brukt enn å berre kjøpe nytt heile tida, og no har me fått vist at brukte klede kan vere like fint som nye, fortsetter bloggeren.

Den siste delen av moteshowet var ei visning av den nyaste kolleksjonen Amaliedesign, designa av Amalie Rosenquist.

– Eg har designa ein blå kolleksjon fordi det er fargen på vår nye regjering, for å gjere den nye regjeringa oppmerksom på kor viktig det er å få fjerna momsen på redesigna klede. Då blir det billigare å lage og kjøpe meir miljøvenlege plagg.

Rosenquist har hittil fått god respons.

– Folk er veldig positive, og det var kjekt å få vist fram kolleksjonen til så mange i dag!

Nokon som også har fokus på det miljøvenlege var FN-studentane. Dei hadde satt opp ein bod der ein kunne bytte inn sine eigne klede og få klede frå blant anna Fretex tilbake.

– Vi har hatt ein del folk innom som har bytta inn kleda sine, men vi håper det blir fleire utover dagen også, seier Helle-Mai Hagen.

I tillegg til å vere eit viktig arrangement for humanitære organisasjonar og miljøvern var også folkefesten eit underhaldande arrangement som tydeleg falt i smak hos store og små, noko det yrande folkelivet på Torgallmenningen var eit bevis på.

Kommentarer