This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Realityprogram er stadig i vinden. Mange av deltakerene som melder seg på er studenter.

Ein som har mykje erfaring i å delta i realityprogram er Magne Seierslund. Han er til dagleg student og foredragshaldar, men har tidlegare vore deltakar i FK Zebra, Dating i mørket og Dagens mann. Han trur at folk ofte dømmer realitydeltakarar utan å tenke på at dei blir framstilt slik på forskjellige måtar for å lage best mogleg fjernsyn.

– Veldig mange har lett for å berre forhandsdømme folk etter å ha sett dei på fjernsyn, og det er ikkje så rart. Ein vert jo ofte framstilt som ein slags spissare versjon av seg sjølv. Det er vanskeleg for folk som ikkje har vore i ein så snål situasjon å vurdere korleis det er der og då, forteller Seierslund

Men sjølv om han har vore med på mykje rart som realitydeltaker så har han likevel fått mest positiv respons.

– Dei som tykkjer du er ein gjøk kjem jo ikkje bort å seier det til deg. Folk seier berre ting dersom det er positivt. Og då er det jo berre gøy å få tilbakemelding!

Norges tøffeste

For Sunniva Hiis Bergh er det derimot første gongen ho deltar i et realityprogram. Ho er deltakar på Norges tøffeste som har premiere på NRK 8. oktober.

Det er allerede mange som veit at ho har vore med programmet, og responsen har vore blanda.

– Nokon er veldig negative, men eg har fått flest positive kommentarar, så eg fokuserer på det positive.

Ho trur grunnen til at så mange melder seg på realityprogram er at folk rett og slett vil på tv. Sjølv meldte ho seg på for å lære meir om seg sjølv og teste kor mykje ho tåler.

– Det var utruleg tungt men eg angrer ikkje på at eg deltok. Eg lærte kjempemykje om meg sjølv og korleis det er å bli testa på ein så ekstrem måte.

Magne Seierslund angrer heller ikkje på at han har vore realitydeltakar. Sjølv om han måtte vera med på mykje rart han ellers ikkje hadde gjort anbefalar han folk å delta dersom dei virkelig vil.

– Viss den einaste grunnen til at du ikkje deltar er at du ikkje tør, så er det berre til å gunne på uansett. For det er ikkje så farlig!

Kommentarer